mandag 19. november 2012

Ingeniørslipset

Bergens Tidende 11/11 2012

Du har sikkert sett han. Han som kjem halsande inn på bussen, etter ein strevsam arbeidsdag, med id-kortet flagrande om halsen. Sjølv etter at arbeidsdagen er slutt, ber han id-kortet som eit iaugefallande adelsmerke.

Per Thorvaldsen - Senilingeniør som likar å knyte sitt eige slips

Innleminga
To småjenter stod og kniste av passbileta mine då eg kom ut av fotoboksen på Jernbanen. Haka var kutta av og håret ein katastrofe, men eg hadde ikkje pengar til ein ny runde. Fjorten dagar seinare bøygde eg meg på leilendingsvis medan personalsjefen (HR-direktør o.a.) la slavekontrakten rundt halsen min.

Signetringen hans frå Sjøkrigsskulen stråla om kapp med Teknisk Direktør sin vesle globusring som med all klarleik viste at han var utdanna ved Verdens Tekniske Høgskule i Trondheim og at universet låg for føtene hans. Visst mangla id-kortet mitt den vesle raude prikken som gav meg elitestatus og tilgjenge til det aller heilagaste – militærproduksjonen, men eg hadde fått teiknet på at eg no var ein del av arbeidslivet sin fyrste klasse.

Dei pinlege åra
Som fersk i arbeidslivet, forsto eg ikkje kvifor eg hadde fått dette id-kortet. Alle kjende jo kvarandre. Dei einaste eg tidlegare hadde sett med slike kort var ingeniørane i kontrollrommet i Houston og politifolk som åt «junk food» og sølte kaffi i skrevet medan dei sat i bilen og venta på at noko skulle skje i amerikanske B-filmar.

No, tretti år etter tripper damer rundt i bykjerna med id-kort og kaffikrus som leiestjerner mot ein ny og hektisk arbeidsdag. Det første vi gjorde den gong var å gøyma id-kortet godt i yttertøyet når vi forlet jobben og slaveriet. No til dags ber ein det derimot som eit heidersteikn kvar som helst og kor tid som helst.

Stempla som id-iot
Ny teknologi gav nye høve og id-korta blei snart også brukte som stemplingskort. Total fornedring var eit faktum. Ifølgje Marx «hadde vi berre lekkjene våre å miste», men no hang slavekontrakten som ei snor rundt halsen. Så skjedde det noko. Eg kan ikkje eksakt melde posisjon i tid og rom, men eg trur det var på Torgallmenningen på slutten av nittitalet.

Ein ung og framoverstormande, pen i tyet, strente over plassen med id-kortet prangande på brystet. Forvirringa mi var total. Og plutseleg var han ikkje den einaste. Som brunsnigel etter eit regnskyll har det å bere id-kort heile døgnet spreidd seg som ein farsott i urbane miljø.

Id-ealister
Å bere id-kortet på iaugefallande vis er ein manifestasjon av transformasjonen i arbeidslivet og det norske samfunn. Inngangskortet blir brukt som smykke og symbol av dei vellukka i ingeniørbedrifter, olje og finans. Her er det snakk om iaugefallande slaveri i motsetnad til iaugefallande fritid som tidlegare var heidersteiknet til overklassa. Dei har ikkje kva som helst jobbar. Å vere slave for og høyre til den rette organisasjonen gjev heider og ære. Dei er gammaer i den vedunderlege nye verda.

Nokre, særleg menn som liker å skyte frå hofta, festar id-kortet i beltet med ei anordning som gjer det lett å bruke det til å kome seg gjennom sluser, inn i dei indre gemakk for dei få utvalde og stemple inn. Problemet er berre at det ikkje blir synleg nok til å få andre si beundring.

Kan få gjestekort
Då er det betre med det som heng rundt halsen. Det bør ha ei brei reim berekna for ei tung bør. Snora blir brukt til å fortelje med all mogeleg klarleik frå kva flott organisasjon vedkomande kjem og har gjerne ei ekstra påskrift om funksjon. Det siste gjeld spesielt dei lågaste i hierarkiet som får passet påskrive som konsulent, trainee eller noko anna som er lågkaste.

I hovudstaden finst dei menneska som har ei raud snor med gull-løve på for å signalisere at dei høyrer til makta med stor M. Vi andre kan få del i gildet for ei stakka stund med eit gjestekort, men elles må vi menge oss med dei andre i det offentlege rommet som er stigmatiserte av mangelen på slavekontrakt rundt halsen. Anten utfører vi uviktige jobbar som ikkje fordrar inngangskontroll, eller endå verre, vi er arbeidslause.

Eg er, derfor er eg
For oss som ber identiteten på utsida vil ei identitetskrise vere lett å takle. Det er berre å snu kortet og lese av. Tryggleik ved å høyre til noko som er mykje større enn seg sjølv er lindrande.

Stikk problemet djupare kan korthaldaren skuvast til side for å eksponere den mest sårbare side vår – magnetstripa. Arbeider du i ei moderne bedrift har du innebygd brikke med heile livshistoria.

Kontakten med arbeidsgivar er det kortsprekken som tek seg av. Vi er blitt nøkkelbarn frå vogge til grav: babycall->nøkkelbarn->id-kort->tryggleiksalarm. Rause arbeidsgivarar gir plass til mange kort i korthaldaren. I den kan nøkkelen til hotellromma, busskortet og bankkortet oppbevarast, men arbeidsgivar skal liggje øvst i stokken. Nokon har allereie id-kortet på under hotellfrukosten. Kanskje har dei sove med det på? Dersom ein ønskjer seg eit identitetsskifte, er det berre å skaffe seg fleire arbeidsgivarar eller skifte jobb.

Den nye tids id-eologi
For arbeidsgivar er id- og inngangskort ei genial oppfinning. Som eit nummer i rekkja med livet sin PIN-kode utdelt, kan dei tilsette sine liv kontrollerast. Kvar du er, kva du gjer og korleis ein kan avslutta arbeidsforholdet er berre eit tastetrykk unna. Sjølv i feriar får vi id-kort på «all-inclusive» for å minne oss om at livet som arbeidsmaur og pliktande ventar etter enda ferie.

Visst er verdien av det å ha eit id-kort på veg ned. Sjølv studentar får no inngangskort ved studiestart. Då manglande id-kort er sosialt stigmatiserande og personar utan eit slikt kort, eller eit falskt eitt, er ein potensiell fare, vil nok den sitjande regjering i eit anfall av sosial utjamningspolitikk tilby kort til alle. Dermed er den totale omsorga og ivaretakinga eit faktum. Når så hæren av NAVARAR med id-kort, tilgjenge i det offentlege rommet og nyvunne iaugefallande fritid på livet sin «backstage» fløymer ut i gater og streder, vil nok jakta på eit nytt statussymbol starte.

Fakta

ID-kort

Identifikasjonskort, kort brukt til å identifisere kven man er (legitimere seg).

Ofte med persondata, adgangskoder, autorisasjon m.m. lagra på ein magnetstripe e.l. på kortet.

Stadig fleire bedrifter tek i bruk eigne id-kort som inngangskort til arbeidsplassen. Dei tilsette må òg slå inn ein firesifra kode når dei dreg kortet.

Slike kort blir òg brukt i kantinar og for tilgang til kopimaskinar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar